Kvar onsdag og laurdag i heile juli kan du vere med på fjelltur med guide til Staurinibba 1379 moh. Turen inkluderer Loen Skylift tur/retur.

Toppen på Staurinibba ligg 1379 moh, og du går på godt tilrettelagt sti frå Loen Skylift heile vegen. Vi rundar på nordsida av Tungegjølet - det bratte og smale gjølet som endar ut nede i Loen. Her kjem vi nær inn på stupbratte fjellsider, men kan likevel ferdast trygt langs den merka stien. Siste halvdelen stig brattare opp mot toppen. Premien som ventar deg er verd slitet - ei imponerande utsikt over indre Nordfjord.

Merk at du må melde deg på seinast kl 18:00 dagen før.

kl 10:00 Frammøte på Loen Active butikken, Lodalsvegen 5

kl 10:30 Felles gange til Loen Skylift, og bane til Hoven 1011 moh

kl 10:45 Avgang frå Hoven

ca kl 12:15 Staurinibba 1379 moh

kl 13:30 Retur til Hoven. Besøk på Hoven Restaurant.

Retur med Loen Skylift når ein ønskjer. Avgang kvar halve time.

Ta med mat, drikke og ekstra klede.