Bærekraft

Miljøomsyn og bærekraft er viktig for Loen Skylift og Hoven Restaurant, og i 2022 vart vi sertifisert som Miljøfyrtårn.

Ved val av bane valde vi eit system som nyttar den mest miljøvenlege teknologien for denne typen installasjon. Ein pendel nyttar effekten av vektutjamning mellom dei to kabinane og er difor svært energieffektiv. All drift, utanom backup, er elektrisk. All transport av varer og personell går gjennom pendelbana, for å spare tid, pengar og utslepp. Vi kjeldesorterer så mykje som mogleg gjennom dei systema som er tilgjengelege i kommunen. Papir, plast, matavfall, glass, metallemballasje, EE-avfall etc blir sortert.

Turstiane er laga for å styre trafikken, unngå terrengslitasje, hindre erosjon, og legge til rette for auka fysisk aktivitet. Løypenettet er eit fellesgode som kjem både lokale og besøkande til gode. Vidareutvikling av turstiane er eit viktig satsingsområde også for framtida. Men for at stiane skal vere fine å bruke er det også viktig å at alle som går i fjellet også tek omsyn. Her finn du tips til sporlaus ferdsel når du er ute på tur.

Prosjektet er lokalt eigd, og styrker Stryn kommune og regionen som ein stad å bu, arbeide og besøke. Nye og langsiktige heilårsarbeidsplassar har blitt skapt i Loen Skylift og hos primærleverandørar som Hotel Alexandra, Loen Active, Utmarksressurs etc. Analysar viser at prosjektet vil skape minst 50 faste arbeidsplassar og ein auke i årleg omsetnad på ca. 100 millionar kroner samt auka skatteinntekter til kommunen. Målet er å fordele trafikken utover store deler av året.

Primært lokale og regionale bedrifter har vore ein del av utviklinga av Loen Skylift-prosjektet, som også har auka aktiviteten og omsetninga blant entreprenørar og underleverandørar. I løpet av utviklingsperioden vart minst 100 årsverk brukt (ref. rapport PwC 2017).

Loen Skylift kompletterer destinasjonsprodukta og opnar for omfattande samarbeid med andre bedrifter og organisasjonar, og på grunn av Loen Skylift si attraksjonskraft bidreg prosjektet til nyetablering og vekst i eksisterande verksemder i området. I tillegg kjem ringverknader som til dømes at folk flyttar hit, og auka etterspurnad etter forbruksvarer og tenester. Gjennom at Loen Skylift er tilgjengeleg året rundt bidreg ein også til helårsturisme, som er svært viktig for verdiskaping og trygge arbeidsplassar.

Loen Skylift og tilhøyrande bygningar er universelt utforma for å sikre at også dei med funksjonsnedsetting kan benytte seg av tilbodet. På toppen er stiane rundt bygget asfaltert.

Vi støttar lokale frivillige lag og organisasjonar, samt utvalde nasjonale/regionale tiltak.

Loen Skylift og Hoven Restaurant er, som resten av Alexandra-konsernet, sertifisert som Miljøfyrtårn.

Men kva med deg? Sett deg inn i “Fjordløftet” – korleis vere ein god turist i Fjord Norge

Vi skal gjere vårt for at du skal få ei uforgløymeleg og skikkeleg god reiseoppleving, dersom du kan love oss nokre ting i retur. 

Og dersom du har innspel til ytterlegare innsats vi kan gjere for miljø og klima er vi takksame for tips. Tips kan sendast til post@loenskylift.no