
Galleri
Glimt frå aktivitetar og arrangement
Dersom du ynskjer å låne nokre av bileta våre kan du ta kontakt på post@loenskylift.no.
OPNING LOEN SKYLIFT 20. MAI 2017
H.M. Dronning Sonja opna Loen Skylift framfor ei jublande folkemengde i Loen. Sjå bilete frå den høgtidelege opninga her. Alle foto: Bård Basberg
HIGHASAKITE 20. MAI 2017
Eit av Norges beste live-band skapet magisk stemning på fjellet under opningskvelden for Loen Skylift. Sjå bilete frå konserten her. Alle foto: Bård Basberg
VIA FERRATA LOEN
Via Ferrata Loen er ei klatrerute frå Loen til toppen av Hoven 1011 m.o.h. Du er alltid sikra i ein kabel, så det er trygt for alle å klatre. Sjå bilete frå spektakulære Via Ferrata Loen her.
TOPPTUR PÅ SKI
Ved hjelp av Loen Skylift kjem du til 1011 m.o.h. på 5 minutt, og her opnar toppturområdet seg for fullt.
VANDRING PÅ HOVEN
Fjellområdet rundt Hoven tilbyr eit rikt utval av turar med ulik vanskegrad og lengde. Turane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng. Du kan gå på eiga hand, eller bli med på guida tur. Sjå foto her.
KAJAKK MED LOEN ACTIVE
Opplev Loen frå kajakk på Nordfjorden. Loen Active tilbyr guida turar i doble kajakkar nesten heile året. Turen kan også kombinerast med ein vandretur. Sjå foto.