Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti som er sikra med wire heile vegen, og tek deg opp frå fjorden til toppen av fjellet Hoven på 1011 moh. Heile vegen med ei storslagen utsikt mot fjorden, Lodalen, Oldedalen, majestetiske Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. På 750 meter over fjorden skal du krysse Europas lengste via ferrata bru, og på toppen møter du Loen Skylift, som tek deg tilbake til fjordnivå. Turar med instruktør inkludert utstyr kvar dag heile sesongen.

Via Ferrata Loen er ein fysisk krevjande tur, og du må vere i normal fysisk form for å klare og gjennomføre.

Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. I tillegg kan du prøve deg på Gjølmunnestrengen, ei 36 meter lang wirebru. Dersom du ønskjer kan du, før Gjølmunnebrua, prøve deg på nye Stigull, ein 40 meter lang stige med 45 graders helning. Du kan også avslutte via ferrata turen med Zipline, som du kan kjøpe når du bookar, ved innsjekking eller i Fjellbutikken på toppen. Om du er klar for ei ekte utfordring kan du klatre dei nye ekstremrutene Tors Hammar og “Ragnarok”, den tøffaste via ferrata ruta i Norge. Retur med Loen Skylift eller til fots via anleggsveg til Holme (8 km) på Oppheim + evt tilbake til Loen (totalt 13 km). Sjå oversiktskart lenger nede.

Praktisk informasjon

  • Tur med instruktør kl 9, 10 og 11 (maks 40 gjester per avgang) og oppmøte 30 minutt før avgang.

  • Utleige av via ferrata utstyr til dei som ønskjer å gå på eiga hand kun til erfarne via ferrata klatrarar. I midtveke vår og haust kan det vere mogleg å leige utstyr heile dagen. Frå midten av juni til midten av august, samt i helgar kan erfarne klatrarar kun leige utstyr etter kl 14.

  • Minimum vekt på deltakar er 40 kg (ca 12 år) og maks 120 kilo

  • Sesong: 1. mai til 31. oktober (2024: Opning 16. april)

  • Oppmøtestad: Loen Active butikken i Loen sentrum, Lodalsvegen 5

Via Ferrata Loen anlegget er KUN ope for gjester som:

  • bestiller tur kl 9, 10 og 11 med instruktør på Loen Active

  • leiger via ferrata klatreutstyr på Loen Active butikken (NB: kun for erfarne via ferrata klatrarar)

  • har eige godkjent via ferrata klatreutstyr og som registrerer seg med namn og telefonnummer (vedlikehaldspris NOK 200 pr person betaling i Loen Active butikk eller på Vipps 101073) (NB: kun for erfarne klatrarar) etter kl 14

All kommersiell aktivitet i Via Ferrata Loen skal gå gjennom Loen Active.

Spørsmål? Kontakt oss på 57875800 eller post@loenactive.no

Via Ferrata Loen

med instruktør, utstyr og retur med Loen Skylift
1760,-

Via Ferrata & Zipline

Via ferrata med instruktør og retur med Loen Skylift
2270,-

Leige Via Ferrata utstyr

Kun for erfarne klatrarar
495,-

Via ferrata Loen inkl instruktør og retur Loen Skylift

Ein erfaren instruktør tek deg med i Via Ferrata Loen til Hoven på 1011 m.o.h. Vi kan inkludere Stigull, Gjølmunnebrua og Gjølmunnestrengen. Så tek vi enklaste veg ned - med Loen Skylift. Sikringsutstyr er inkludert. Turen kan kombinerast med lunsj eller middag på Hoven Restaurant. Du vel sjølv returtidspunkt. Meir informasjon om ruta lenger nede på sida.

Pris: Vaksen 1.760,- og barn 1590,-


Via Ferrata Loen inkl. zipline og Loen Skylift

Bli med ein av Loen Active sine erfarne instruktørar opp fjellveggen. Vi kan inkludere Stigull, Gjølmunnebrua og Gjølmunnestrengen på veg opp, og du får krysse Gjølmunna i Zipline når du når toppen. Deretter returnerer du til fjordnivå på enkelt vis med Loen Skylift. Hjelm, sele og returbillett til Loen Skylift er inkludert. Zipline kan også bestillast separat. Klatring kan kombinerast med lunsj eller middag på Hoven Restaurant etter turen. Du vel sjølv returtidspunkt. Zipline er open dagleg frå 15. juni til 18. august 2024. I resten av via ferrata sesongen er Zipline open kvar laurdag frå 1. juni til og med i haustferien.

Pris: Vaksen 2270,- og barn 2110,-


Leige av via ferrata klatreutstyr for erfarne

Erfarne via ferrata klatrarar som ønskjer å gå turen utan instruktør kan leige via ferrata utstyr (sele og slynge med to karabinkrokar, og hjelm) i Loen Active butikken når Via Ferrata Loen er open for trafikk. Laurdagar, og dagleg frå midten av juni til midten av august, er det utleige av via ferrata utstyr kun etter kl 14 på grunn av våre turar med instruktør (startar kl 9, 10 og 11). Elles i sesongen kan det vere mogleg å starte før kl 14, ta kontakt med Loen Active. All ferdsel på eige ansvar. Dei som kun leiger via ferrata utstyr kjøper eventuell returbillett til Loen Skylift på eiga hand (familiebillett kun i Fjordshop).

Pris: 510,-


Ragnarok Extreme

I 2019 opna Norges tøffaste via ferrata rute i Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått eit av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa. Den nye ruta går vest for den klassiske, og er vedvarande ekstremt bratt heile vegen. Å klatre her krev god styrke og uthaldenheit, og dei som skal gå Ragnarok bør ha klatra grad E tidlegare. Dei som er usikre på om dei meistrar denne ruta bør gå den klassiske ruta, og teste seg i den alternative sløyfa gjennom “Tors Hammar” - ei sløyfe i kategori E. Det er ikkje instruktør i Ragnarok-ruta, men du kan leige spesialutstyr i Loen Active butikken. Les meir om Ragnarok her. 

 

BESTILL HOS LOEN ACTIVE

Loen Active  |  post@loenactive.no  |  57 87 58 00

Oversiktsfoto Via Ferrata Loen - alle ruter

Klikk for større kart

Detaljert rutebeskrivelse med gradering på alle delar

 

Klikk for større kart

 

Fakta

  • Inkludert i via ferrata tur med instruktør: Instruktør, sele, hjelm og retur med Loen Skylift.

  • Ta med: Mat, ei stor flaske vatn (to liter), hanskar (kan kjøpast på Loen Active for NOK 60), vindtett jakke, lang bukse, buff og varme klede etter vêrforhold. La Sportiva Hyper (via ferrata sko med vibram såle) kan leigast for NOK 110. La Sportiva via ferrata sko kan også kjøpast hos Loen Active. Baguett à 90 g kan førehandsbestillast frå Loen Active for NOK 75.

  • Estimert tid: Via Ferrata Classic (1, 2 & 3) 5-6 timar inkludert pausar.

  • Anbefalt aldersgrense: 12 år i Via Ferrata Classic (minimumsvekt 40 kg).

  • Sikkerheitsutstyr: Gjest må vege mellom 40 og 120 kilo for at sikkerheitsutstyret skal vere garantert og virke.

  • Vi anbefaler gravide og vente med å gjennomføre Via Ferrata Loen til etter fødselen.

  • Loen Active butikken i sentrum av Loen: Møtestad og utdeling av utstyr. La Sportiva sko (via ferrata, motbakke, fjellsko osv.), kle frå Skogstad Sport, solbriller, hanskar til via ferrata osv er tilgjengeleg for kjøp.

  • Avbestillingsreglar:
    Ved kansellering tidlegare enn 15 dagar før aktivitet, er det 90 % refusjon.
    Ved kansellering seinare enn 15 dagar før aktivitet, og tidlegare enn 4 dagar før aktivitet, er det 50 % refusjon.
    Ved kansellering seinare enn 4 dagar før aktivitet, er det ingen refusjon.