
Norges lengste akebakke
Fart og moro for liten og stor
Opplev Norges lengste akebakke, åtte km frå toppen av Hoven, med fantastisk utsikt mot fjord og fjell. Oppe på Hoven finn du også ein brei preparert akebakke. Leig kjelke, akematte eller rumpeakebrett i fjellstasjonen, eller ta med eige akebrett/kjelke. Merk at tilbodet er vêravhengig.
Status: Akebakken på toppen er preparert. Akebakken til Oppheim er preparert til Rakssetra. Resten av ruta til Oppheim er isete og delvis bar. Følg med på status på Facebook og Live-sida vår.
Norges lengste akebakke
«Norges lengste akebakke» er ein preparert veg ned frå Hoven til Oppheim. Her akar du med fantastisk fjordutsikt i heile åtte kilometer, fordelt på ca 700 høgdemeter. Turen ned lokkar fram breie smil blant både små og store.
Merk at vegen endar på Holme/Oppheim, seks km frå fjordstasjonen til Loen Skylift. Det er parkeringsplass ved Holme (mot avgift). Dei fleste vel å parkere ein bil på Holme, avtale «shuttling» med vener/familie eller bestille taxi (Stryn Taxi +47 57 87 23 50, Olden Taxi +47 950 86 146). Dei som leiger kjelke leverer inn kjelken på henvist plass der akebakken endar.
NB: All ferdsel i den preparerte vegen til Oppheim skjer på eige ansvar. Følg med på skredvarselet, vis hensyn og tilpass farten. Du kan møte skiløparar, vandrande, akande og maskiner langs vegen. Hjelm skal brukast under aking (inkludert i leige av kjelke). Barn må alltid vere i følge med vaksne.
Status på preparering finn du på denne sida.
Leige kjelke, akematte eller rumpeakebrett
Kjelkar, akematter og rumpeakebrett kan leigast i Fjellbutikken av Loen Active eller bestillast på nett. Om fjellbutikken er stengt kan du ta kontakt med baneførar, så hjelper han/ho deg (betaling med Vipps). Hjelm skal brukast under aking med kjelke, og er alltid inkludert i leiga. For aking til Oppheim er det kun kjelke og snowracer som er anbefalt. Leigd kjelke og hjelm kan leverast inn igjen på henvist plass der akebakken endar. I fjellbutikken kan du også leige vinterbekledning.
Pre- eller After-aking i restauranten
Nyt utsikta frå Hoven Restaurant med noko å drikke eller å bite i mellom ake-øktene. Her finn du menyen samt link til bordbestilling.
Kva billett bør eg kjøpe?
Loen Skylift har fleire billettalternativ, men om du vil ake ned igjen kan du kjøpe einvegsbillett eller dagspass. Med dagspass kan du ta så mange turar du vil i løpet av ein dag (innanfor opningstidene). Familiebillett ein veg er også eit alternativ, familiebillett gjeld to vaksne og to barn (6-15 år), fleire barn kan leggast til i familiebilletten. Merk at familiebillett kun er tilgjengeleg i billettluka, Fjordshop.
Sesong
Sesongen varer vanlegvis frå desember til april. På skisporet.no finn du oppdatert status for trakking av løypene.
Foto øverst: Sol Fure
Leig kjelke
KLIKK FOR Å FORSTØRRE KARTET. Merk at kva løyper som er oppkøyrt vil variere. Sjå oppdatert løypestatus på skisporet.no
UTSTYR VED AKING
Hjelm
Snøbriller (goggles) er anbefalt ved aking
Slalåmstøvlar er forbode ved aking
Vinterbekledning og sko kan leigast i Fjellbutikken
FORHOLDSREGLAR VED AKING
Aking inneber ei viss fare
Den som kjem bakfrå har vikeplikt
Følg skilting, merking og anvisninga
Sørg for kontroll over kjelken til ei kvar tid
Finn ut korleis ein bremser og styrer
Risiko for skade aukar med farten
Kappkøyring aukar risikoen for skade
Stopp aldri opp i nedfarten
Ved velt, gå raskt ut til sida
Det er totalforbod mot alkohol i akebakken