Kalender

Elvis på Hoven
juli
29.

Elvis på Hoven

The Norwegian Elvis Festival i Måløy inviterer til Elvis-show på Hoven med Ultimate Elvis Tribute artistar frå USA, Australia, England, Spania, Malta, Irland, Italia og Norge. Saman vil desse skape eit forrykande show på takterrassen denne ettermiddagen, så ikkje gå glipp av dette.

Vis arrangement →

Moro og magi med Erik Mogeno
apr.
4.

Moro og magi med Erik Mogeno

I påska underheld komiker, buktaler og tryllekunstner Erik Mogeno og sonen Lucas med eit heilt nytt familieshow. Opplev buktaling, magi og humor som fenger både born og vaksne. Lucas på 13 år og pappa Erik vann i 2025 pris i Norgesmesterskap i trylling, og saman byr dei på både magi, forundring og masse humor.

Vis arrangement →
Afterski på Hoven
apr.
3.

Afterski på Hoven

Gjer deg klar for god stemning på fjellet!

Vår eigen DJ LB står for musikken på langfredag, når han tek turen til Hoven og spelar opp til god stemning på terrassen. Her blir det frisk fjelluft og ei heilt unik ramme for påskestemninga.

Arrangementet er gratis for alle våre gjester som reiser med Loen Skylift.

Vis arrangement →
Moro og magi med Erik Mogeno
apr.
2.

Moro og magi med Erik Mogeno

I påska underheld komiker, buktaler og tryllekunstner Erik Mogeno og sonen Lucas med eit heilt nytt familieshow. Opplev buktaling, magi og humor som fenger både born og vaksne. Lucas på 13 år og pappa Erik vann i 2025 pris i Norgesmesterskap i trylling, og saman byr dei på både magi, forundring og masse humor.

Vis arrangement →
Kahoot Fredagsquiz
mars
27.

Kahoot Fredagsquiz

Bli med på Kahoot Påskequiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener. Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.

Vis arrangement →
Påskerebus
mars
27.
til 6. apr.

Påskerebus

Heile påska blir det påskerebus for alle barn på Hoven! Finn ulike postar med ein bokstav på og samle alle bokstavane til eit løysingsord. Alle barn som deltek får ein premie utdelt i Hoven Restaurant.

Vis arrangement →
Cecilie Skog
mars
20.

Cecilie Skog

Cecilie Skog er ein av dei mest profilerte eventyrarane i verda, og ein av få som verkeleg har sprengt grenser, fysisk og mentalt. Ho er den første kvinna i verda som har bestige dei høgste fjella på alle sju kontinent og nådd både Nordpolen, Sydpolen og Mount Everest. Likevel handlar ikkje foredraget hennar først og fremst om prestasjonar, men om noko djupare: gleda av å følge draumane sine og motet til å stå i det ukjende.

Vis arrangement →
Kvinnepuls
mars
7.

Kvinnepuls

Velkomen til Kvinnepuls – konferansen der kvinnehelse er på agendaen! Den spektakulære utsikta frå Hoven set ramma for ein kveld fylt med gode foredrag og mingling.

Vis arrangement →
Kahoot Fredagsquiz
feb.
27.

Kahoot Fredagsquiz

Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener. Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.

Vis arrangement →
Felles aketur til Oppheim
feb.
20.

Felles aketur til Oppheim

Fredag inviterer vi til felles aketur frå toppen av Hoven ned til Oppheim! Tenk å setje deg på kjelken, og framfor deg ligg kilometer med kilometer med nypreparert akebakke - «Norges lengste akebakke». NB: Med forbehold om nok snø.

Vis arrangement →
Kahoot Familiequiz
feb.
19.

Kahoot Familiequiz

Velkomne til Kahoot Familiequiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 16:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med for eksempel familien. Gratis deltaking og fine premiar!

Vis arrangement →
Kahoot Fredagsquiz
jan.
23.

Kahoot Fredagsquiz

Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener. Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.

Vis arrangement →
Kahoot Familiejulequiz
des.
29.

Kahoot Familiejulequiz

Velkomne til Kahoot Familiequiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 16:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Delta aleine eller på lag saman med andre. Dagens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.

Vis arrangement →
Feststemning med Jørn Kvalheim
des.
27.

Feststemning med Jørn Kvalheim

3. juledag blir det høg stemning på Hoven når Jørn Kvalheim tek scena. Jørn er ein sjarmerande liveartist med over 180 konsertar berre i fjor, og har spelt seg gjennom heile landet – frå små scener til store festivalar. Mange hugsar han også frå Idol 2014, der han song seg heilt til 2. plass med sterke tolkingar av m.a. Foo Fighters, Bruce Springsteen, The Tallest Man on Earth og Coldplay.

Vis arrangement →
Førjulsro med Fjellsus
nov.
30.

Førjulsro med Fjellsus

Den første søndagen i advent tek Fjellsus turen heilt til topps – til Hoven – for å dele akkurat det dei sjølve har sakna mest i førjulstida: ei musikalsk pustepause. Ein konsert med fokus på ro, varme og mjuk førjulsstemning. Midt i eit landskap der fjord og fjell omsluttar alt, og der panoramautsikta gjev rom for å puste litt djupare.

Vis arrangement →
Kahoot Fredagsquiz
nov.
28.

Kahoot Fredagsquiz

Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener. Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.

Vis arrangement →
Halloween-quiz
okt.
31.

Halloween-quiz

Bli med på Kahoot Halloween Quiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener. Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.

Heile helga blir det Halloweenstemning i restauranten, med nokre skumle rettar på menyen.

Praktisk informasjon

  • Gratis deltaking

  • Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)

  • Delta aleine eller i lag opptil maks 4 personar per lag/bord

  • Lagsamansetning kan variere frå gong til gong

  • Matservering til kl 21:00, bar til 23:00. Siste bane ned 23:30.

Om Kahoot Quiz

Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.

Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.

Vil du ete i restauranten før Quiz’en?

Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord her.



Vis arrangement →
HalloHoven
okt.
31.
til 2. nov.

HalloHoven

Årets skumlaste helg blir ekstra skummel høgt til fjells, på kanten av eit stup. Fredag, laurdag og søndag blir det halloweenstemning i restauranten, og vi har fått nyss i at det dukkar opp skummel mat på menyen. Barna kan delta på ei skattejakt der ein leitar etter skumle figurar. Finn du alle får du premie i restauranten.

Bestill gjerne bord på førehand. Opningstider finn du her.

Fredag er det HalloweenQuiz!

Kvifor feirar vi Halloween?

Visste du at tru knytt til natt til 1. november er ein av dei eldste heidenske tradisjonane vi har? Det er ein eldgamal hausttakkefest med røter i norrøn tradisjon og i keltisk folketru.

Mykje tyder på at dagens Halloween har historiske røter i Samhain, ein urgamal, keltisk festival. Kelterne var eit folk som budde i store deler av Europa, og den keltiske kulturen oppstod truleg i 2000 f.Kr. Samhain var feiringa av det keltiske nyåret og den siste innhaustinga. Ein tente bål og ofra avlingar og dyr for å hedre dei døde. Ordet Samhain vert uttalt Sow-in og betyr “summers end” og markerer slutten på sommaren og vinterens ankomst. Under feiringa hadde kelterne på seg kostymer av skinn og masker av dyrehovud for å beskytte seg mot onde ånder. Dette var nemleg ei heimsøkt natt der sløret til åndene si verd var på det aller tynnaste, og avdøde sjeler, ånder og andre vesen kunne bevege seg enklare mellom dei to verdene.

I førkristen norsk tid finn vi ein norrøn tradisjon kalla Vetrnaetr (Vinternatt) som minner om Halloween. Den var en festdag som markerte starten på vinteren og det nye året. I oldtidens Europa var Samhain tida for den siste “innhaustinga”, slakting. Det var viktig å slakte dyra og få hengt opp kjøtet eller tørka det før Samhain. Det kjøtet som ikkje var i hus vart ansett som ikkje mogleg å ete for menneska. Det tilhøyrde dei døde og ånder frå den andre sida av sløret som vandrar i vår verd rundt Samhain.

Samhain vart seinare gjort om til ein kristen skikk for å bekjempe den hedenske tradisjonen. Misjonærane oppfatta dei keltiske mytane og tradisjonane som okkultisme og knytta dei med mørke krefter og hekseri. Allehelgensdagen vart innført som heilagdag 1. november i år 610 av Romerkyrkja, og i motsetning til Samhain-feiringa handlar den ikkje om spøkelser og ånder som går igjen - det er ein minnefest for å hylle helgener og martyrar. I 998 vart Alle sjelers dag innført på 2. november, til minne om alle sjeler som døde i trua og framleis er i skjærselden. Etter reformasjonen i Norge vart dei to dagane slått saman slik at Allehelgensdag no er til minne om alle døde i protestantiske land.

Til tross for kyrkja sin motstand og forsøk på å redusere betydninga av Samhain, har mange av rituala overlevd fram til vår tid. Allehelgensdag er knytta til mange gamle folkelige skikkar og overtru både i Norge og Europa. Folk trudde at dei døde vandra blant dei levande natt til allehelgensdag og difor sette ein ut mat til dei. Det var også vanleg å dele ut mat, frukt og nøtter, ofte med håp om at det skulle gje gode avlingar neste sesong. Det er mogleg at noko av bakgrunnen for dagens «knask eller knep» ligg her.

Akkurat som med primstaven, ein gamal norsk kalender som følgde årstiden sine vekslingar, var det ikkje anbefalt å slå hardt med dørene på allehelgensdag, for då kunne ein sjel kome i klem. Ein burde også unngå arbeid på denne dagen, då ein kunne bli ramma av uhell.

Samhain har også fleire likheter med den den gamle, førkristne Julebukktradisjonen i Norge. I byrjinga hadde ein ikkje noko fast tidspunkt for dette, så det føregjekk gjerne når kvar landsby var ferdig med innhausting og dyra var henta frå beitet. Først i første halvdel av 1800-talet byrja festen å bli feira 1. november. Fordi det fall saman med allehelgensdag, vart det delvis ein fest for dei døde. Mange assosierar denne tradisjonen med noko koseleg, men julebukken var i utgangspunktet ein skremande skikkelse som symboliserte dei døde, gjerne ikledd bukkemaske og dyreskinn. Julebukken er godt kjent i Norge men har under moderne tid blitt til ein leik der barna kler seg ut og tiggar godteri i romjula, går fra dør til dør og syng julesongar.

Halloween har blitt påvirka av fleire ulike kulturar og religionar i verda, men felles er at det er ei høgtid der vi hedrar og hyller dei avdøde som ikkje er med oss lenger.

Kjelde: Kystmuseet Rørvik

Vis arrangement →