Bestillingsvilkår Loen Active

Desse generelle vilkåra gjeld mellom Loen Active AS som tilbydar og den som sjølv, eller gjennom andre, inngår avtale med Loen Active AS i samsvar med stadfestinga. Avtalen gjeld for aktivitetar arrangert av Loen Active AS.

Ansvarleg
Loen Active AS, Lodalsvegen 5, NO-6789 Loen. Org.nr NO 997 826 353 MVA.

Avtalen med meir:
Som selgar står Loen Active AS ansvarleg overfor gjesten for det denne har krav på i samsvar med avtalen. Loen Active AS tek forbehold om eventuelle trykkfeil.

Som arrangør har Loen Active AS plikt til å sørgje for følgande:
Sende skriftleg stadfesting på bestilling til gjesten, i tillegg til andre naudsynte dokument. Loen Active AS har berre ansvar for aktiviteten som beskrive. Loen Active AS har ikkje ansvar for løfter som tredjepart kan ha gitt direkte til gjesten.

Loen Active AS tek forbehold om:
Endring eller kansellering av aktivitet grunna vêr eller andre forhold som tilseier at det vil vere uforsvarleg å gjennomføre aktivitet.

Prisar:
Den oppgitte prisen er den totale prisen for tenesta, inkludert mva.

Bindande bestilling:
Ei bestilling er bindande så snart gjest har betalt og mottatt stadfesting på epost. Det er gjesten sitt ansvar og kontrollere at datoar og andre vesentlege forhold for bestillinga er korrekt.

Betaling:
Loen Active AS nyttar betalingsløysing frå Nets Easy, og du kan betale med Visa eller Mastercard. Gjesten betaler for aktivitet ved bestilling på Loen Active AS si nettside. For å delta på aktivitet må gjest ha med seg gyldig stadfesting med QR kode.

Vilkår:
Dersom du har bestilt aktivitet med instruktør, må du følge instruktøren sine instruksar. Du deltek på eige ansvar med omsyn til hendingar som Loen Active AS ikkje rår med. Hugs at tryggleik er første prioritet, og ingen alkohol i samband med våre aktivitetar.

Har du sjukdomar eller bruker du medisinar som kan redusere di fysiske yteevne, må du gje beskjed om dette til Loen Active AS før avgang.

Kanselleringsfristar:
Tidlegare enn 15 dager før aktivitet: 90 % refusjon.
Seinare enn 15 dagar før aktivitet, og tidlegare enn 4 dagar før aktivitet: 50 % refusjon.
Seinare enn 4 dagar før aktivitet: Ingen refusjon.
Påbegynt tur vert ikkje refundert.

Oppdatert 24.11.20

Loen Active AS / Lodalsvegen 5, 6789 Loen
Tel. +47 57 87 58 00 / post@loenactive.no
Org.nr 997 826 353 MVA