Gangbrua ferdigstøypt

Foto: @fotoboe (Instagram)

Foto: @fotoboe (Instagram)

Tysdag kveld til onsdag morgon var fylkesveg 60 i Loen stengt grunna støyping av gangbrua som går mellom bygga ved basestasjonen til Loen Skylift.

- Alt gjekk etter planen, og vi var ferdige å støype gangbrua rundt midnatt, fortel arbeidsformann Frank Sanden i HS Bygg. Han seier at det også gjekk bra med tanke på at vegen måtte stengast i fleire timar.

- No skal støypen herde i ei veke før vi tek ned forskalinga. Heis i bygget vil også bli montert rett etter påske, seier Sanden vidare. Når ein har fått rive forskalinga vil også krana på området bli demontert, og ein vil ta til med å stelle i stand området rundt.

- Vi er i rute med tanke på opninga 20. mai, ingen tvil om det, avsluttar Sanden.

Kjelde: Fjordingen

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sjå den luftige turen til Hoven

Neste
Neste

Luftige foto