Kortreist frå Torheim Gard
Pinnekjøt er ein viktig del av juletradisjonen, spesielt på Vestlandet der sauene beiter på grøne bøar mellom høge fjell.
På hausten blir mindre fôr på beita, og det var difor natrurleg at sauer vart slakta på denne tida. Då vart ribbene salta og tørka for å konservere kjøtet. Nina og Mark Watkins på Torheim Gard fører vidare den lange tradisjonen. På garden inst i Hjelledalen driv dei økologisk grønsaksproduksjon og sauehald, og i år står dei for årets pinnekjøt i Hoven Restaurant.
Lamma får kun gras, mjølk og vatn, og vert flytta regelmessig til ferske beiter og har lang sommarferie på sætra i Skjæringsdalen. Dette gjev friske dyr, og smaksrikt kjøt prega av fjellurt og flora. Lamma er slakta av Nortura, og returnert til Torheim Gard for foredling.
Torheim Gard
I 2020 overtok Mark og Nina Watkins Torebruket på Skåre i Hjelledalen - ein gard med minst 400 års historie. - Her ynskjer vi å produsere eit naturlig overskot ut av eit levande landskap og levere det til lokalmiljøet. Gardsdrifta er regenerativ, noko som forbetrar landskapet og aukar fruktbarheita i jorda utan kjemiske hjelpemidlar.
Frå jord til bord
- Vi ynskjer å bruke lokale varer, og er svært glade for å bli kjent med Torheim Gard. Vi er svært glade for å kunne levere kortreist julemat av så høg kvalitet, seier kjøkensjef Torgeir Holmøyvik.
Kvifor heiter det pinnekjøt?
Tradisjonelt har tilberedningsmetoden vore å dampe kjøtet på bjørkepinnar - derav namnet ”pinnekjøt”