Madrugada til Loen Skylift 21. mai 2022
Madrugada sin gjenforeningsturné for tre år sidan vart ei triumfferd gjennom fjorten europeiske land. No skal dei norske rockelegendane på ny europaturné, og 21. mai står Loen for tur. Loen Skylift fyller 5 år denne helga, og då er det ekstra kjekt å feire dette med eit av Norges største band. Få minutt etter at billetane vart lagt ut var konserten utseld.
Om Madrugada
På Madrugada sin førre Europaturné i 2019, opplevde bandet at fansen hadde vakse betydeleg i løpet av åra, og fleire stader vart konsertane utselde så fort at større arenaer måtte bestillast. Madrugada hadde vore både elska og sakna, og det var eit lidenskapeleg og til dels ungt publikum som møtte bandet på vegen.
Sentralt for gjenforeningsturneen var bandet sitt debutalbum «Industrial Silence», som feira 20 år i 2019. Denne gong vil publikum også få servert nye låtar, sidan bandet jobbar med ny musikk.
Madrugada er ei kunstnerisk og kommersiell suksesshistorie. Dei har vunne fem Spellemannpriser og to Alarmpriser og sluppe fem studioalbum, eit livealbum og ei rekke singlar og EP-ar, som har selt til gull og platina.
Då Madrugada vart oppløyst i 2008, etter å ha fullført sitt selvtitulerte sistealbum på pur viljestyrke, verka det som om historia var over. Gjenforeninga for to år sidan vart eit uventa, men gledeleg nytt kapittel. Frå første tone i øvingslokalet var det klart at den musikalske magien framleis var til stades. Ikkje lenge etter at turneen var over, bestemte bandet seg for å satse vidare. «Vi ønsket bare at turneen skulle fortsette!» No har tida kome til eit nytt kapittel i historia om Madrugada. Det er berre å glede seg til fortsettelsen!