Utekino under stjernehimmelen
Midt i vinterferien rigga vi til utekino i snøen på 1011 meter over fjorden. På skjermen viste vi Frost II, ein film som passa for ein fjellkino midt på vinteren. Vêret spelte på lag, og stjernehimmelen glitra over boblejakker, soveposar og popcorn.
Takk til Team Skylift for ein enorm innsats med store snømengder, og takk til Bygdekinoen som tok utfordringa på strak arm!