Via Ferrata Loen opnar 1. mai

Arbeidet med å klargjere Via Ferrata Loen for sesongopning er i full gong, og 1. mai kan klatreruta opne som planlagt. Merk at det framleis er ein del snø i øvre del av anlegget, og ved vind kan det bli fokksnø i stien.

Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti som er sikra med wire heile vegen, og tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh. Du klatrar heile tida med ei storslagen utsikt mot fjorden, Lodalen, Oldedalen, majestetiske Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. På 750 meter over fjorden skal du krysse Europas lengste via ferrata bru, og på toppen møter du Loen Skylift, som tek deg tilbake til fjordnivå. Bestill guida tur her.

Ziplina er ikkje klar for sesongen då det framleis er for mykje snø rundt anlegget.

Teamet med driftsleiar Per Helge Bø i spissen går over heile anlegget, rydder sti og skifter ut wirelengder og wirefester der det trengs.

Framleis ein del snø på toppen, men wire og sti er gravd fram.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Madrugada klare for Loen

Neste
Neste

Loen Skylift opnar tysdag 26. april