Loen Skylift og Hoven Restaurant feirar 1 år, og inviterer til fest og moro 19. mai! NB! Det er 18 års aldersgrense på kveldsarrangementet, men på dagtid blir det familiedag med mykje moro.
Det er kun mogleg å kjøpe billett på web fram til 18.mai kl 23.59. Den 19. mai vil det kun vere mogleg å kjøpe billett i billettluka på Fjordshopen. Det er framleis billettar igjen.
PROGRAM (inkl i billettpris)
17:00-19:00: Registrering og utdeling av billettar
18:00-20:00: Loen Skylift køyrer gjestar opp
20:00-21.30: Aperitif og mattorg
21:00: Ping Pong klubbens mannskor held konsert
22:00-23.30: Heine Totland & Rock`n Roll Circus spelar på taket
24:00-02:00: DJ Phongsak og god stemning i Hoven Restaurant
03:00: Siste bane ned
OM UNDERHALDNINGA
Ping Pong klubbens mannskor held sin største konsert i si relativt korte historie. Øvinga er i full gong under Endre Bø si kyndige leiing. Vi gler oss!
Etter musikalen "Buddy Holly The Musical", har Heine Totland & Rock`n Roll Circus hatt mange konsertar. Her blir det rock frå 50-60 talet, speleglede, mykje energi og dei skapar ein perfekt festkveld for gjestar i alle aldrar.
MATTORG
Det blir ulike matstasjonar inne i Hoven Restaurant og utandørs. Her blir det noko for einkvar smak! Mattorget og aperitif ved ankomst er inkludert i billettprisen.
BILLETTAR (AVHENGIG AV KVA BANEBILLETT DU YNSKJER/HAR)
Alternativ 1: 1 års fest for dei som har årskort bane, kr 990.
Alternativ 2: 1 års fest med tur/retur billett bane, kr 1390.
Alternativ 3: 1 års fest med dagspass bane, kr 1550 (passar for dei som også ynskjer å delta på dagarrangementet "Familiedag på Hoven 19.mai")