Tilbake til alle arrangementer

Loen Acroboogie


Suksessen frå i fjor skal gjentakast, så luftsportmiljøet blir igjen invitert til ei helg fylt med flyging og moro i Loen.

Arrangementet er gratis, open for alle, også spg/base/hg, alt fra nyutdanna elevar til garva distansepiloter.

Loen er ein fantastisk flystad. Gondolen tek deg opp direkte til ein stor og fin takeoff, og det er muligheter for mange fine turar. Utover å vere Norges beste stad for acro, er det også ypperlig for spg, base, og for termikkflyging i spektakulært landskap. Det vil vere instruktørar tilstades heile helga som kan gje utsjekk på start og landing.

Det er mogleg å kjøpe 1/2/3 dagerskort i gondolen. Vi er så heldige å ha fått rabatt med Loen Skylift denne langhelga på dagskort, to-og tre- dagerskort. Rabatten er på 25% for deltakarar.

Det vil vere redningsbåt på vannet heile helga. Denne vert bemanna på dugnad. Skal ein fly over vatnet så oppfordrar vi til å sette seg inn i akrobokser og innflygingsmønster. Meir detaljert informasjon kjem nærare arrangementet.

Overnatting er mogleg på Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Loen Apartments og ulike hyttesenter og campingplasser i nærleiken. Tilholdsstaden for arrangementet blir Lo-Vik camping. Det er ikkje lov med camping på landingsområdet eller parkeringane tilknytta Loen Skylift, Loen Active og Hotel Alexandra.

Hvis vêret blir dårlig finns det fleire aktivitetar i Loen; blant anna Via ferrata, fjellturer, klatring, sykling og padling.

For mer info om flystedet sjekk: https://www.loenskylift.no/luftsport

https://flightlog.org/fl.html?l=1&country_id=160&a=22...

Tord og Anton gleder seg til å se nye og kjente fjes i Loen.

Følg med på arrangements-sida på Facebook.

Forrige
Forrige
17. mai

17. mai til fjells

Neste
Neste
11. juni

Ole Bull Kammerkor