Tilbake til alle arrangementer

Champagne middag

Laurdag 12. mars har vi gleda av å invitere til ein eksklusiv Champagnemiddag i Hoven Restaurant. Vårt eminente kjøken disker opp med spanande kombinasjon av lokale råvarer med fransk vri. Undervegs vil Oskar Kjellberg og Jonathann Gallay fortelje historia til vinhuset Möet & Chandon, og gje ei innføring i dei ulike variantane og smakane.

Tre-retters middag, drikke til maten og aperitif er inkludert. Pris: 1590,- per person (+ avgift)

Påmeldigsfrist måndag 7. mars. Avgrensa antal plassar.

Claude Moët grunnla Moet & Chandon i 1743, og gjorde champagnen til ein av dei mest populære i Europa, og har no blitt eit stort internasjonalt champagnemerke.  Dei 1190 hektarane med kalksteinsjord, der 50 % er klassifisert som Grands Crus og 25 % Premier Crus, utgjer den største vingarden i Champagne. Under jorda er Moët & Chandon-kjellarane dei største i regionen. Dei strekkjer seg over meir enn 28 kilometer, og dannar ein labyrint der vinen utviklar seg under optimale temperatur- og fuktighetsforhold.

Jonathann Gallay er Moët Hennessy Nordics sin vinambassadør, og representerer ein allianse av vinprodusentar frå ulike, men anerkjende verdsnsomspennande terroirer. Etter å ha jobba i vinkjellarar i både Burgund og Bordeaux, reiste han verda rundt for å dele sin lidenskap for vin og mat.

Oskar Kjellberg er salsrepresentant for heile portefølja til Moët Hennessy i Norge. Han har ein kulinarisk bakgrunn frå å jobbe i Michelin-restaurantar og fleire femstjerners hotell. Han brenn for å dele historia om vinhuset Moët Hennesy.

Meny

Aperitif

Forrett

Sik kaviar med syrlig bakt purreløkkrem

Hovudrett

And Ballotine med norsk andelever

Dessert

Mousse med Sitrus og Lime. Makronlokk og bringebær
Minardiser av sjokolade


Vil du kombinere med ei overnatting på Hotel Alexandra?

For dei som ynskjer å overnatte i Loen tilbyr Hotel Alexandra overnatting inkl. frukost og inngong i Alexandra Bad frå kr 1770,- per person. Tillegg for enkeltrom frå kr 400,-. Ta kontakt med Hotel Alexandra på alex@alexandra.no eller 57 87 50 00.

Praktisk informasjon

Kvelden startar med pizza mingle frå kl 18:00, også blir det bordsete kl 19:00. Siste bane ned er kl 00:30. Baren stenger ved midnatt.

Billett til Champagne Dinner må kjøpast på førehand på denne sida. Dei som har billett til arrangementet får kjøpe banebillett i billettluka til 300,- t/r (ordinær pris 450,-). Dei som har årskort kan nytte dette.

Allergiar? Send dette på e-post til eva@alexandra.no

Forrige
Forrige
5. september

Josefine og Oskar

Neste
Neste
1. oktober

Haustferie