Laurdag 18. februar og søndag 26. februar inviterer vi til felles aketur frå toppen av Hoven ned til Oppheim! Tenk å setje deg på kjelken, og framfor deg ligg kilometer med kilometer med nypreparert akebakke - «Norges lengste akebakke». Med forbehold om nok snø.
Frå toppen av Hoven på 1011 meter over havet er det ein sju kilometer lang akebakke. Heile turen vi ta ca. 1- 1,5 time og vi tar oss god tid med nokre stopp undervegs. Akebakken endar på parkeringsplassen på Holme/Oppheim. Derifrå blir det sett opp transport med bil/ minibuss tilbake til fjordstasjonen til Loen Skylift. Arrangementet er gratis for gjester ved Loen Skylift.
Oppmøte på toppen av Hoven i området ved hesteskoen ca. kl. 14:15. Alle barn må være i følge med ein vaksen. Hjelm er påbode. Ta med eigen kjelke, eller leig med Loen Active (hjelm inkludert).
Møt opp i god tid dersom du skal leige kjelke eller vinterbekledning. Utleige i 2. etasje på fjellstasjonen på Hoven. Prisen inkluderer også hjelm. Loen Active har 80 kjelkar til utleige. Les meir her.
Loen Active fjellbutikk leiger også ut vinterdressar og vintersko.