Tilbake til alle arrangementer

Felles aketur til Oppheim

Norges lengste akebake

Søndag 26. februar inviterer vi til felles aketur frå toppen av Hoven ned til Oppheim! Tenk å setje deg på kjelken, og framfor deg ligg kilometer med kilometer med nypreparert akebakke - «Norges lengste akebakke». Med forbehold om nok snø.

Frå toppen av Hoven på 1011 meter over havet er det ein sju kilometer lang akebakke. Heile turen vi ta ca. 1- 1,5 time og vi tar oss god tid med nokre stopp undervegs. Akebakken endar på parkeringsplassen på Holme/Oppheim. Derifrå blir det sett opp transport med bil/ minibuss tilbake til fjordstasjonen til Loen Skylift. Arrangementet er gratis for gjester ved Loen Skylift.

Oppmøte på toppen av Hoven i området ved hesteskoen ca. kl. 14:15. Alle barn må være i følge med ein vaksen. Hjelm er påbode. Ta med eigen kjelke, eller leig med Loen Active (hjelm inkludert).

Møt opp i god tid dersom du skal leige kjelke eller vinterbekledning. Utleige i 2. etasje på fjellstasjonen på Hoven. Prisen inkluderer også hjelm. Loen Active har 80 kjelkar til utleige. Les meir her.

Loen Active fjellbutikk leiger også ut vinterdressar og vintersko.

Finn ut meir om vinterferien i Loen

Aking frå Loen Skylift. Foto: Sverre Gullbekk

Forrige
Forrige
25. februar

Trugetur for heile familien

Neste
Neste
28. februar

Trugetur for heile familien