Tilbake til alle arrangementer

Fullmånetur

Denne laurdagen inviterer Loen Active og Loen Skylift til guida fullmånetur på Hoven. Arrangementet er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift. Inga påmelding.

Oppmøte seinast kl 17:45 på toppen av Loen Skylift ved kjelkeutleigen (2. etg. i fjellstasjonen). Vi anbefaler at du tek bana opp seinast kl 17.30 (avgong kvar heile og halve time), så går vi frå 2. etg på fjellstasjonen ca kl 17:45. Turen vil ta ca 1,5 time. Alle kan delta, men born må vere i følge med vaksne.

Det blir lagt opp ei rute som kan gåast til fots, utan verken ski eller truger. Dei som deltek bør ha med seg varme klede, hanskar, hue, gode sko og ei hovudlykt. Dei som ynskjer å leige vinterbekledning (vinterdress og sko) kan gjere dette i Fjellbutikken (i god tid før turen startar).

Etter turen kan vi gå inn i Hoven Restaurant. Her kan du kjøpe noko varmt å drikke eller noko godt å ete. Hoven Restaurant serverer mat frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Du kan også sjølvsagt ete før turen. Vi anbefaler å bestille bord på førehand. Baren er open til kl 22:00.

Siste bane går ned kl 22:30 denne kvelden.

Finn ut meir om vinterferien i Loen

Forrige
Forrige
24. februar

Felles aketur til Oppheim

Neste
Neste
27. februar

Trugetur for heile familien