Laurdag 17. desember mellom kl 19:00 og 22:00 blir det ekstra god julestemning i Hoven Restaurant. Anders Kvile med musikalske vener skal diske opp med norske og amerikanske juletonar, og det blir både sving og julevise, folkemusikk og blues, men viktigast av alt blir det julestemning.
Anders Viktor Kvile frå Breim er kapellmester for kvelden og kan skryte på seg både piano, orgel, trompet og trekkspel i sitt instrumentale våpenkammer. I sine 30 år har Anders spelt mykje på ulike stadar, og arbeider no som organist i Stryn. Jazz står sterkt i hjartet til Anders, og det syner tydeleg på spelinga hans når han smeller inn saftige akkorder og leikande melodistemmer.
Om du planlegg eit måltid i restauranten kan du bestille bord her. Grupper på over 10 personar kan også bestille julebord denne kvelden.
Konserten er inkludert for alle besøkande på Hoven.