Få den lune og gode julestemninga når Silisium Vokal fyller Hoven Restaurant med juletonar den 30. november. Silisium Vokal er eit vokalensemble frå det musikalske kraftsenteret Bremanger, som no skal trollbinde publikum høgt til fjells.
Ensemblet består av totalt 7 solistar, og på repertoaret står både norske juletonar, amerikanske klassikarar og julepop. Denne ettermiddagen har dei også tatt med band beståande av Erlend Eidsvik, Raimund Hoclas og Tor Olav Heldal.
Konserten er gratis. Om du planlegg å ete i restauranten før konserten anbefaler vi å bestille bord på førehand.
Om Silisium
Vokalgruppa vart stifta i 2017, og har sitt utspring i det aktive musikkmiljøet i Bremanger. Mange av medlemane har lang erfaring som vokalistar på ulike show og i band i kommunen og rundt om i fylket. Koret hadde sin første konsert i 2017, og imponerte publikum stort. Dei har spelt inn låtar i studio fleire gongar, og har gitt ut singel med eigen musikk. I dag består Silisium av Elisabeth Solbakken (musikalsk leiar), Linn Karin Sande Igland, Hilde Gretha Hauge, Linn Therese Belseth Heldal, Silje Pauline Dahle, Evy Merete Myklebust og Kristin Vik Sparvath.
Vil du ete i restauranten før konserten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord på førehand her.