Tilbake til alle arrangementer

Julespel og adventssøndag

julespel 2019.jpg

Julespel: Kvar er Nissemor og Nissefar?

Jula nærmar seg, men Nisseline og Nisseleif finn ikkje Nissefar og Nissemor. Dei to raudnissane må finne Nissemor og Nissefar skal det bli jul. Kanskje ein blånisse kan hjelpe dei å løyse mysteriet? Samstundes som dei skal finne ut korleis dei skal redde jula, må dei også passe på å gjere nok nissestrekar ovanfor bonden og bondekona på garden.

Eit familiespel som passar for barn og vaksne i alle aldrar. Julespelet startar kl 13:00.

Regi: Annette Lunde
Manus: Torstein Tvinnereim
Av og med Fryd teaterlag.

Adventskos

Kvar søndag i advent serverer vi gratis gløgg i til alle gjestar, og nissegraut fins på menyen. Mellom klokka 12:00 og 15:00 har nissane til og med lova å dukke opp!

Forrige
Forrige
14. desember

PREMIEREFEST TUNNELEN

Neste
Neste
21. desember

Fri frå julestri med DJ Flølo