Tilbake til alle arrangementer

Kinnmiddag

Fredag 19. mars inviterer vi til Kinnmiddag med Espen Lothe frå Kinn Bryggeri og kjøkkensjef Torgeir Holmøyvik. Her får du mat av lokale råvarer, og smake både øl-klassikarar og øl-nyhende.

Aperitiff, tre-retters middag og drikke til maten. Pris: 990,- per person (+ avgift).

Espen Lothe vil gje eit innblikk i Kinn Bryggeri si historie, og under middagen vil han og kjøkensjefen presentere mat og drikke for kvar rett.

Avgrensa antal plassar. Påmeldingsfrist: 18. mars

Om Kinn Bryggeri
Kinn Bryggeri lagar handverksøl i engelsk og belgisk stil basert på vatnet frå Sagafjella. Gamle handverksteknikkar som open gjæring og flaskemodning er viktige. Ingen av ølsortane blir pasteuriserte eller filtrerte, og alt blir produsert på dei to bryggeria i Florø. Lidenskapen for gode smakar er gjennomgåande, og no skal dette kombinerast med lokal fjellmat på Hoven.

Vil du kombinere med ei overnatting på Hotel Alexandra?
Hotel Alexandra tilbyr spesialpris for dei som ynskjer å overnatte i forbindelse med arrangementet. Pris frå kr 1250,- per person i dobbeltrom inkludert frukost og inngong til Alexandra Bad. Tillegg for enkeltrom frå kr 400,-. Ta kontakt med Hotel Alexandra på alex@alexandra.no eller 57 87 50 00.

Praktisk informasjon
Arrangementet startar kl 19:00, og siste bane ned er kl 22:30. Baren stenger servering kl 22:00.

Billett til middagen må kjøpast på førehand. Dei som har billett til arrangementet får kjøpe banebillett i billettluka til 300,- t/r (ordinær pris 440,-). Dei som har årskort kan nytte dette.

Allergiar? Send dette på e-post til eva@alexandra.no

Grunna smittevernhensyn er det eit begrensa antal plassar på arrangementet. Sjå våre smitteverntiltak her. Dersom endringar i nasjonale og kommunale retningslinjer for smittevern fører til at arrangementet ikkje kan gjennomførast vil billetten (990,-) bli refundert.

Espen og Ann-Magritt_2500.jpg
Forrige
Forrige
19. mars

Akerenn

Neste
Neste
18. august

H.M. Kongens Garde på Hoven