Tilbake til alle arrangementer

Kje i 7 akter

***Arrangementet er fullbooka***

I samarbeid med Sølvane Gard og operasongar Eivind Kandal inviterer vi til “Kje i 7 akter” 1011 meter over fjorden, der alle sansar blir teke i bruk. Vi serverer ein sjuretters meny med det ypperste av lokal mat med kje som element i kvar rett.

Sjuretters meny og aperitiff, opera ved Eivind Kandal og billett tur/retur Loen Skylift: kr. 995,-.

Påmeldingsfrist: 27. mai.

PS: Spesialpris på overnatting på Hotel Loenfjord inkl. frukost:
Enkeltrom kr 850,-/ Dobbeltrom kr 1200,-

Merk at det kun er eit begrensa antal plassar til dette arrangementet.

“Det store kjetegildet”

– Saman med Hoven Restaurant har vi sett saman ein unik meny med kjekjøtt, innmat, melk, ost etc med råvarer frå geit. Gjestane skal få smake heile dyret sier Torstein Kollevåg på Sølvane Gard. I flere år har han arrangert middagar med geitekjøtt i Oslo, Bergen og på Sandane. Det har vore fulle hus kvar gong og gode lovord. Kollevåg er en av dei som arbeider knallhardt for å fremje geitekjøttet, og meinar geita er det dyret i norsk landbruk med mest potensiale. Denne gongen tek han med seg sin makker Eivind Kandal, og saman ynskjer dei å skape ein magisk kveld høgt til fjells.

Eivind og Torstein på Sølvane Gard

I januar 2019 overtok odelsguten Eivind Kandal og Torstein Kollevåg garden Sølvane Gard i idylliske Kandalen, og starta ein ny epoke på garden der kultur og lokalmat står i fokus. Eivind er operasongar med erfaring frå både inn- og utland. Torstein er frå Bergen og har jobba med kultur i over 15 år og er utdanna innan det utøvende feltet med festivalar, turnear og konsertar i heile Norge. No er begge klare for å ta fatt på sitt nye livsprosjekt i Kandal i tillegg til opera og anna.

Det gode liv for folk og geiter i Kandalen

Under isbreen i Kandalen beitar geiter, sau, hest og hjort. Klimaet er heilt spesielt og naturen er uberørt, vill og vakker. Den iskalde elva bukter seg gjennom dalen og skaper et frodig og irrgrønt landskap. På garden sel dei kjøtt frå bøndene i dalen. Dyra i Kandal går på utmarksbeite og får i seg nydelige urter, småbusker og friskt fjellgras.

Treng du overnatting?

I forbindelse med arrangementet tilbyr Hotel Loenfjord spesialpris på rom med frukost:
Enkeltrom kr 850,-/Dobbeltrom kr 1200,-. For bestilling ta kontakt på 57 87 50 50 eller eva@alexandra.no.

Praktisk

Kjøp billett på denne linken. Billettane kan hentast i Fjordshop. Bane opp minimum kvar halve time.

For spørsmål eller bestilling av overnatting kontakt oss på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00.

Forrige
Forrige
18. mai

Familiedag og offisiell opning Ragnarok

Neste
Neste
6. juni

Loen Acro Jam