Tilbake til alle arrangementer
Fredag 25. august blir det trøkk, kraft og imponerande harmoniar i Hoven Restaurant. Silisium Vokal er eit vokalensemble frå det musikalske kraftsenteret Bremanger, som no skal trollbinde publikum høgt til fjells.
Ensemblet består av totalt 9 solistar, og på repertoaret står først og fremst låtar i pop-genren, men med litt anna krydder innimellom.
Konserten er gratis. Om du planlegg å ete i restauranten før konserten anbefaler vi å bestille bord på førehand.
Om Silisium
Mange av medlemane har lang erfaring som vokalistar på ulike show og i band i kommunen og rundt om i fylket. Koret hadde sin første konsert i 2017, og imponerte publikum stort.
Vil du ete i restauranten før konserten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord på førehand her.