Tilbake til alle arrangementer

Lysvandring

IMG_8946_Loen Skylift Danielle Langedal_2500.jpg

3. juledag inviterer Loen Active og Loen Skylift til guida lysvandring på Hoven. Arrangementet er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift. Inga påmelding.

Det blir guida vandring langs ei lyssett rute. Å vere ute i vinterfjellet etter solnedgong skapar ei eiga stemning. Og kanskje det er ekstra godt å kome seg opp og ut i friluft etter mykje innandørs julekos. Oppmøte kl 18:10 på toppen av Loen Skylift ved kjelkeutleigen (2. etg. i fjellstasjonen). Vi anbefaler at du tek bana opp seinast kl 18.00 (avgong kvar heile og halve time), så blir det avgong frå 2. etg på fjellstasjonen ca kl 18:10.

Dei som vil gå aleine er velkomne til det (fram til ca kl 21). Turen vil ta ca 1 time. Alle kan delta, men born må vere i følge med vaksne.

Det blir lagt opp ei rute som kan gåast til fots (utan verken ski eller truger). Dei som deltek bør ha med seg varme klede, hanskar, hue, gode sko og ei hovudlykt.

Etter turen går vi inn i Hoven Restaurant. Her kan du kose deg framfor peisen, kjøpe noko varmt å drikke eller noko godt å ete. Hoven Restaurant serverer mat frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Du kan også sjølvsagt ete før turen. Vi anbefaler å bestille bord på førehand.

Siste bane går ned kl 01.00 denne kvelden grunna dans i Hoven Restaurant. Bytt om til finstas og bli med på festen etter turen!

Velkomne til fjells!

Forrige
Forrige
22. desember

Adventssøndag

Neste
Neste
27. desember

Two Times Funky