Tilbake til alle arrangementer
Olden Soul Children er eit livleg kor for barn og ungdomar frå Loen og Olden frå 5. klasse og oppover.
Koret er tilslutta Acta Barn og Unge, og er eitt av over 200 Soul Children-kor i Norge, og omtrent like mange kor i utlandet.
Songen og det sosiale er viktig for dei, og i tillegg til øvingane annankvar måndag deltek dei på ulike opptredenar, har eigne sosiale turar og møter andre kor på korfestival i Oslo Spektrum. Dei siste to åra har det naturlegvis ikkje vore festivalar, så dei har vore mest aktive på heimebane.