Denne søndagen blir det feiring av Olsok på Hoven. Etter planen vert det Olsokgudsteneste på takterrassen. Ved dårleg ver blir gudstenesta inne i Hoven Restaurant.
Om Olsok
Olsok betyr – tilsvarande som for jonsok (sankthans 23. juni til minne om Johannes Døperen) – egentleg høgtidsaftan før Olavsdagen. Olav den Heilage fall på Stiklestad 29. juli 1030, og dermed skulle olsok vere 28. juli om kvelden (og natt til 29. juli). Men Olsok har etter kvart blitt brukt om sjølve Olavsdagen den 29. juli. Dagen er markert med ei øks på primstaven.
Før reformasjonen var dette ein av dei viktigaste helgenfestane i Norge, og på grunn av Olav sin spesielle posisjon i norsk historie vart den bevart som ein nasjonal festdag også etter reformasjonen. Sidan 1930 har Olsok vore offisiell flaggdag i Norge. Olsok vert feira med ulike store og små arrangement rundt om i landet.
Gudstenesta vert ved Henny Koppen.
Velkomne!