GOSPEL OG NASJONALROMANTIKK PÅ HOVEN
CD-AKTUELLE RESPONS PÅ SOMMARTURNÉ 2019
Onsdag 26. juni om ettermiddagen tek ungdomskoret Respons frå Emblem utanfor Ålesund turen opp til Hoven. På toppen blir det konsert med gospel og nasjonalromantikk på programmet. Koret gir i desse dagar ut eit nytt CD-album. No står den årvisse sommarturen for tur.
Konserten er open for alle gjestar på Hoven.
Om Ungdomskoret Respons – eit viktig ungdomsarbeid
Koret har medlemar i alderen 13-20 år, og har gjennom mange år hatt ei stabil medlemsmasse. I dag er dei mellom 50 og 70 ungdomar som samlast til øving kvar måndag. Eit mål er å gje ungdomane mulighet til å utvikle seg musikalsk, kreativt, sosialt og menneskeleg. Aktiviteten er korsang, solistpanel, 5-manns band, 6 ungdomar som jobbar med lyd- og lys-teknikk, samt multimedia. Musikkstil og opplegg er i stor grad prega av ungdomane sjølve. Ein stor del av koret sitt repertoar er skrive av kormedlemar og musikalsk leiar Arild Berstad, som for to år sidan for øvrig vart hedat med Kongens fortjenestemedalje i sølv for sin innsats med ungdomskoret Respons.
Stilmessig spenner dette frå salmar i ungdommeleg stil til gospel, pop og jazzrock og noko meir eksperimentell musikk med blanding av ulike stilartar. Eit vaksenteam på 5 frivillige har hovudansvaret for koret. Respons utgjer eit viktig fritidstilbod for ungdomar i Ålesund og omegn. Koret har opptredenar og konsertar i inn- og utland, og Respons utgjer ein viktig del av medlemane si fritid. Koret deltok for nokre år sidan i Kjempesjansen på NRK saman med tidlegare kormedlem og dirigent Birgitte Velsvik. Under AaFK sine heimekampar høyrer du koret når AaFK-hymnen blir spelt.
Respons har ein rekke opptredenar gjennom heile året. I november 2014 hadde dei konsert for eit fullsett Parken Kulturhus, da dei varma opp for eit av verdens meste kjente kristne band, Leeland. Hausten 2016 har koret hatt support for ingen ringere enn Samuel Ljungblahd i Ålesund, verdskjend gjennom si fantastiske tolkning av "Joyful, Joyful" under prinsebryllupet i Sverige i 2016. Denne songen har også Respons på sitt repertoar. Hausten 2017 var koret oppvarming for Kevin Max, verdskjend vokalist i DC Talk.