Bli med på ein forrykande festkveld i Hoven Restaurant laurdag 26. oktober kl 20:00! Vi byr på ein spanande treretters meny som vert toppa av musikalske mellomspel frå “Entertainers by Wallmans!” Dette vert garantert ein festleg kveld!
Treretters meny med underhaldning samt tur/retur med Loen Skylift: 995,- per person.
Merk at det er begrensa antal plassar til arrangementet. Påmeldingsfrist: 23.oktober.
“Entertainers by Wallmans” kjem med dyktige artistar som byr på både solistnummer og smittande medleyer frå kjende låtar gjennom dei siste 10-åra. Det er sjølvsagt lov å synge med!
Etter middagen diskar ein DJ opp med fengande danselåtar! Siste bane ned er kl 01:00.
OVERNATTING PÅ HOTEL ALEXANDRA?
Hotel Alexandra tilbyr gode prisar på overnatting i samband med showkvelden på Hoven. Dobbeltrom frå kr 1150,- per person (enkeltromstillegg kr. 350,-), som inkluderer overnatting med frukost samt inngang i Alexandra Bad.
Ta kontakt for å bestille overnatting: 57 87 50 50 eller alex@alexandra.no