Langfredag 18. april blir det ski- og akerenn samt hoppkonkurranse for born i alderen 6-15 år på Hoven. Vi planlegger å dele inn i forskjellige klasser alt etter utsyr. Klasser for akebrett, rumpebrett, ski (langrenn eller alpint). Det blir fellesstart for kvar klasse og den som er første ned vinn! Det vil også vere ein egen klasse for hopp. Løypa består av nokre enkle svingar og nokre mindre hopp.
Vi har fokus på leik og moro, ikkje prestasjon. Alle som deltek får ein liten premie. Vinnaren av kvar klasse får ein liten ekstrapremie.
Gjennomføring:
Mellom 12:00 -13:00: Oppmøte og påmelding i akebakkane mot Skredfjellet
13:00: Rennstart i akebakkane mot Skredfjellet
15:00: Premiering ved akebakkane mot Skredfjellet
Ta med eigne ski eller akebrett. NB! Hjelm er påbode, vi ber dykk ta med dette.
Om du ikkje har utstyr, kan det leiges kjelke, rumpebrett, hjelm og diverse utendørs klede og sko i Fjellbutikken på Hoven.
Arrangementet er gratis for alle gjestar ved Loen Skylift. Mindre born bør vere i følge med vaksne.
Heiagjengar og publikum er hjarteleg velkomne!