Tilbake til alle arrangementer
Snøfjøl er eit snowboard utan bindingar, og det var med slike brett at snowboardsporten starta. Dette er eit flatt brett som ein «surfar» på snøen med. For å få utnytta brettet fullt ut, må det vere gode snøforhold, med laussnø. Du får stor meistringskjensle når du står ned bakken på denne type «old school» snøbrett. Under køyring er brettet festa til foten med ei fangreim. Våre brett er laga av ein norsk handverkar.
Kom og prøv!