Ein hyggeleg førjulslaurdag på fjellet med trubadur og god stemning.
Bjarne Lunde er ein musikar som spelar på fleire strengar og instrument alt etter kva publikum han spelar for. I tillegg er han også ein dyktig vokalist. Han har lang erfaring som musikar i ulike lokale band, og har også jobba ein del som lydteknikar. Som "dansemusikar" har han skapt stemning på dei fleste utestadane i området, og stiller med repertoar som fengjer dei fleste. Alt frå gamalpop til nyare kjende låtar blir meisterleg framført. Han har med seg komp på disk, så dette lét som eit helt orkester!
Trubaduren spelar frå kl 21:00. Siste bane ned 00:30.
Arrangementet er gratis for gjestar i Loen Skylift. Det er ikkje lenger mogleg å førehandsbestille bord, men kontakt hovmester ved ankomst dersom de ynskjer å ete. Baren er open.