13. mai blir det god stemning på fjellet når Ulstein Trekkspelklubb inntek takterrassen.
Ulstein trekkspelklubb vart etablert i 2009. Musikalsk leiar er Linda Nygård. Alder på medlemane er frå 10 til 75 år. Per i dag har klubben 14 faste medlemar; 10 på trekkspel og fire på fiolin. I tillegg leiger dei inn komp etter behov. Dei har også to unge talent frå Ukraina med denne sesongen. God blanding av erfane musikanter og unge lovande, gjer at det er eit godt musikalt miljø i klubben.
Klubben spelar varierande musikk frå gamaldans til kjent underhaldningsmusikk. Julekonsertar har ogs vore ein stor del av aktiviteten til klubben. Rekruttering skjer i godt samarbeid med kulturskulane i kommunane på Søre Sunnmøre.
Ulstein trekkspelklubb har ved fleire høve delteke på distriksmesterskap i Møre og Romsdal, og har teke med seg fleire førsteplassar i klassane gamaldans og underhaldningsmusikk. Klubben har og sjølv vore arrangør av distriktsmesterskap.
Ved regnver blir konserten inne i restauranten.