Tilbake til alle arrangementer

Fjellromantikk

Ta kjærasten din til nye høgder med ein tre-retters middag i Hoven Restaurant på Valentinsdagen.

Tre-retters meny Valentines Day 790,- per person, inkl. aperitif.

Meny

Jordskokksuppe
servert med gulrotchips, persilleolje, kjørvel, crispy bacon, brød og smør

Valentines Surf`n`Turf
Indrefilet av okse (250g) servert med kongereke-spyd, skogsopp, savoykål, rødvinssaus og småpoteter

Raud fløyel lavakake
Servert med bringebærgelé og sorbet, friske bær, marengs.

Bestillingsfrist: Torsdag 13. februar til post@loenskylift.no

Hoven Restaurant serverer frå kl 13:00 til 21:00, baren er open til kl 22:00 og siste bane ned er kl 22:30. I tillegg til Valentinsmenyen kan du bestille frå a la carte menyen (ny meny frå 14. februar). Bord kan du bestille ved sende ein epost til post@loenskylift.no eller på denne linken. Dersom du ynskjer Valentines-pakken må du kommentere “Valentinesmeny” på bestillinga.

Ei natt på hotell - berre dokke to?

Hotel Alexandra tilbyr overnatting frå kr 3135,-p.p. på Valentinsdagen inkludert middag, frukost, inngong i Alexandra Bad, badetøfler og badekåper under heile opphaldet og Champagne på rommet ved ankomst. Blomar, bobler, frukt og sjokolade kan også fiksast. Finn ut meir.

Gåvetips

Som valentinsgåve anbefaler vi gjerne eit gåvekort. Gåvekorta våre kan nyttast til overnatting, spa, ein romantisk middag, ein klatretur i via ferrata, ein tur med Loen Skylift og mykje meir. Kjøp gåvekortet på nett eller i resepsjonen på Hotel Alexandra.

Forrige
Forrige
14. februar

Snøsafari

Neste
Neste
16. februar

Kahoot Familiequiz