Overrask din kjære med vår italienske Valentin’s spesial denne dagen, enten som lunsj eller middag.
Meny 1: Spaghetti Salmone al limone
Stekt laksefilet med spaghetti og grønnsaker i krema kvitvinssaus. Kvitløksbrød.
Meny 2: Vitello al Barolo
Heilgrilla entrecote av kalv med rødvin, servert på ei seng av spaghetti og grønsaker. Kvitløksbrød.
Til dessert anbefaler vi sjølvsagt Gelato - spesielt utvald is og sorbet.
Hoven Restaurant serverer frå kl 12:00 til 21:00, baren er open til kl 22:30 og siste bane ned er kl 23:00. I tillegg til Valentinsmenyen kan du bestille frå a la carte menyen. Bord bestiller du her.
Ei natt på hotell - berre dokke to?
Hotel Alexandra tilbyr overnatting for 2 frå kr 2980,- på Valentinsdagen inkludert middagsbuffet, frukost, inngong i Alexandra Bad, badetøfler og badekåper under heile opphaldet og spesialpris på Loen Skylift. Blomar, bobler, frukt og sjokolade kan også fiksast. Finn ut meir.
Gåvetips
Som valentinsgåve anbefaler vi gjerne eit gåvekort. Gåvekorta våre kan nyttast til overnatting, spa, ein romantisk middag, ein klatretur i via ferrata, ein tur med Loen Skylift og mykje meir. Kjøp gåvekortet på nett eller i resepsjonen på Hotel Alexandra.