Tilbake til alle arrangementer

Winemakers Dinner

*** Arrangementet er avlyst ***

Fredag 4. november har vi gleda av å invitere til ein eksklusiv Winemakers Dinner i Hoven Restaurant med vinhuset Terazzas de Los Andes frå Andesfjella i Sør-Amerika. Vårt eminente kjøken disker opp med spanande kombinasjonar med lokale råvarer. Undervegs vil Jonathann Gallay fortelje historia til vinhuset Terrazas de Los Andes, og gje ei innføring i dei ulike variantane og smakane.

Tre-retters middag, drikke til maten og aperitif er inkludert. Pris: 1450,- per person (+ avgift)

Påmeldingsfrist måndag 31. oktober. Avgrensa antal plassar.

Terrazas de Los Andes vart etablert for 30 år sidan, og er eit dristig eventyr som vart realisert i ei tid før vinproduksjonspotensialet i Argentina vart kjent. Herve Birnie Scott, ein 26 år gamal fransk enolog og ekspert på kjølig klima, hadde eit ynskje om å utforske det bemerkelsesverdige landskapet i Mendoza og Andesfjella gjennom fine vinar. I løpet av 5 år med leiting på byrjinga av 90-tallet, utstyrt med kun ein høgdemålar, skaffa og planta han fundamentet til Terrazas de los Andes vingård i større høgder enn nokon gong tidlegare - signaturen til Terrazas de los Andes.

Terrazas de Los Andes tilbyr ei reise i det fascinerande vinlandskapet i dei argentinske Andesfjella.

Jonathann er Terrazas de Los Andes sin nordiske vinambassadør, og representerer stolt en allianse av fine vinprodusenter fra forskjellige, men anerkjente verdensomspennende terroirer. Etter å ha jobba i vinkjellarar i både Burgund og Bordeaux, reiste han verda rundt for å dele sin lidenskap for vin og mat. For han er dette meir lidenskap enn ein jobb.

Praktisk informasjon

Kvelden startar med aperitif frå kl 18:30, også blir det bordsete kl 19:15. Siste bane ned er kl 00:30. Baren stenger ved midnatt. Etter kl 18:00 er det kun dei med billett til arrangementet som har adgong til Hoven Restaurant & Bar.

Billett til Winemakers Dinner må kjøpast på førehand . Dei som har billett til arrangementet får kjøpe banebillett i billettluka til 300,- t/r (ordinær pris 450,-). Dei som har årskort kan nytte dette.

Allergiar? Send dette på e-post til eva@alexandra.no

Vil du kombinere med ei overnatting?

For dei som ynskjer å overnatte i Loen tilbyr Hotel Alexandra overnatting inkl. frukost og inngong i Alexandra Bad frå kr 1770,- per person. Tillegg for enkeltrom frå kr 400,-. Ta kontakt med Hotel Alexandra på alex@alexandra.no eller 57 87 50 00. Loen Apartments tilbyr overnatting i nye leilegheiter, i gongavstand til Loen Skylift. Pris frå 1660 per leilighet.

Forrige
Forrige
30. oktober

HalloHoven

Neste
Neste
12. november

Julegilde