Om Loen Skylift

Ein heilårs opplevingsarena,
med fjellet Hoven og naturen rundt som midtpunkt.

Prosjektet vert gjennomført i selskapet Loen Skylift AS der Hotel Alexandra AS, Garaventa AG, Nordfjord Kjøtt AS og Stryn kommune var dei største aksjonærane frå starten. I tillegg er fleire bedrifter og enkeltpersonar i regionen inne på eigarsida i selskapet. I 2018 overtok Hotel Alexandra AS aksjane til Nordfjord Kjøtt.

Forretningsideen er å utvikle produkt- og arrangementspakkar basert på nasjonal- og regional reiselivsstrategi og naturgitte fortrinn. Pendelbana Loen Skylift som tek deg frå fjord til fjell på fem minutt er navet i besøksmålet.

Produktet har sitt utspring frå spa- og konferansehotellet Alexandra, Loen Active med klatrestien Via Ferrata Loen, Gjølmunnebrua og motbakkeløpet Skåla Opp. Opplevingsarenaen er utvikla med fleire fjord- og fjellkonsept.

Du startar oppstigninga til fjellet Hoven (1011 moh) frå fjorden via Fjordbygget og pendelbana. Når du kjem til toppen vil du ha eit 210 graders panoramautsyn med utsikt frå Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i syd og ut Nordfjorden og vidare mot Stryn i vest.

Det har blitt utvikla varierte opplevingsbaserte tilbod tilpassa ulike målgrupper. Tilbodet varierer frå lette til utfordrande aktivitetstilbod til fots eller på ski. Loen Skylift er lokalisert nær cruisehamna i Olden, og er eit utfluktsalternativ frå hamnene i Geiranger, Hellesylt og Nordfjordeid. Bygg og bane har universell utforming slik at alle skal få kome seg opp på fjellet.

Prosjektet hadde ei investeringsråme på 267,5 millionar kroner. 

PRESSE/MEDIA?

Her har vi samla nyttig informasjon for presse og media som ynskjer å skrive om Loen Skylift og opplevingane på fjellet. 

BLOGG

På bloggen vår deler vi stort og smått som foregår på Hoven, og frå utviklinga i prosjektet.

Våre samarbeidspartnerar

Doppelmayr Garaventa
Pendelbane-leverandør

 HLM
Arkitektur

Nordplan
Prosjektering og byggeleiing

PwC
Rådgjeving

Loen Active
Aktivitetsleverandør

Hotel Alexandra
Økonomi/salg

Skogstad Sport
Uniformer m.m.

HS Bygg
Byggentreprenør

Naturservice DA
Produkt- og stiutvikling

Utmarksressurs AS Stibygging

Samfunnsansvar og bærekraft

Loen Skylift AS har som mål å vere eit samfunnsnyttig og bærekraftig prosjekt.

  • Vidareutvikle lokalsamfunnet sine historiske tradisjonar og særpreg

  • Eit folkehelsefremjande aktivitetstilbod for alle

  • Vidareutvikle landskapskvalitetar (fysiske og visuelle omsyn)

  • Unngå inngripen i verna naturområde

  • Pendelbane med miljøvenleg teknologi og minimale utslepp til luft og vatn (lavt energiforbruk)

  • Energivennlige løysingar i bygningsmasse

  • Eit aktivitetstilbod som styrker livskvaliteten til lokalsamfunnet

  • Gode og trygge arbeidsforhold for tilsette og samarbeidspartnarar

  • Maksimere verdiskaping gjennom samarbeid med andre reiselivsaktørar og handelsnæringa

  • Universell utforming