Dansens dag
29. april er den internasjonale “Dansens dag”, og vi nyttar høve til å drøyme oss tilbake til 10. juni i fjor då Nasjonalballetten dansa på Hoven - 1011 meter over fjorden. “Når publikum ikkje kan kome til Operaen, kjem Operaen til publikum” var mottoet når Nasjonalballetten reiste på turne i coronaåret.
Gjestane fekk oppleve nokre av dei beste dansarane i Norge og i verda:
Leyna Magbutay og Martin Dauchez dansa en pas da deux – dans for to – fra den klassiske balletten Giselle
Nae Nishimura danser Svanens død av Michel Fokine.
Nae Nishimura, Rebekah Bloomfield, Johanne Wien Pedersen, Astrid Lyngstad og Sofie Ruthenbeck dansa Resin, ein humoristisk moderne ballett som leikar seg med klassisk ballett, skapt av Alexander Ekman
Daniela Cabrera og Yoel Carreño dansa ein pas de deux frå balletten Le Corsaire
Isabel Vila og Gakuro Matsui dansa ein pas de deux frå den klassiske balletten La Sylphide.
Alle foto: Erik Berg/Den norske opera og ballett
Om Nasjonalballetten og “Nasjonalballetten kommer”
Nasjonalballetten er Norge sitt einaste ballettkompani og held til i operahuset i Oslo. Dei dansar klassiske ballettar som Svanesjøen, Tornerose og Nøtteknekkeren, men også moderne verk av store internasjonale koreografar og nyskapte verk. Sidan 2012 har Ingrid Lorentzen vore sjef for Nasjonalballetten, etter mange år som solist i kompaniet. Det er til saman 75 dansarar i hovudkompaniet og kompaniet for unge dansarar, Nasjonalballetten UNG. Dansarane kjem frå heile verda.
Nasjonalballetten sin husregissør Marit Moum Aune står bak konseptet “Nasjonalballetten kommer!”. Ho har skapt nokre av kompaniets største suksessar og er ein anerkjent teater- og filmregissør. Over 20 lokale sjukeheimar og eit fengsel fekk oppleve ballett i førestillinga “Nasjonalballetten kommer!” i Oslo. Suksessen vart utvida med turné til Østfold, Innlandet og Vestland, i samarbeid med deira hovudsamarbeidspartnerar OBOS og Norsk Tipping.