Sesongopning Via Ferrata Loen 1. mai

Loen Active gjer no ein siste innspurt med å klargjere Via Ferrata Loen til sesongopninga 1. mai. Mykje vedlikehald har blitt gjort sidan anlegget stengde i haust, og no er det berre litt snø som må måkast før dei kan opne.

Via Ferrata Loen er ein klatresti sikra med wire til fjellet. Klatrestien tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh, med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Om du er klar for ei ekte utfordring kan du klatre den nye ekstremruta “Ragnarok” - den tøffaste via ferrata ruta i Norge. Retur med Loen Skylift eller til fots via anleggsveg til Holme (7 km) + evt. tilbake til Loen (totalt 12 km).

I første omgong er det rute 1 som opnar, så kjem resten etterkvart.

Bestill guida tur i Via Ferrata Loen her.

Toppfoto: Maria Rathi Øen

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Dansens dag

Neste
Neste

Fotograf Kasper Høglund vart invitert til Stryn, men fekk berre ta tre bilete