Snøhole

Velkomen inn i eit magisk vintereventyr

I Loen skjuler det seg ei unik oppleving: Snøhola på toppen av fjellet Hoven, som når med Loen Skylift. Når du trer inn gjennom den smale, snødekte gangen, vert du møtt av ein storslått, kvit kuppel som opnar seg over deg. Hola er utforma av snø og is, og gjev ei kjensle av å vere i ei annan verd. Innvendig er hola innreia med skinnfellar og stemningsfulle lys som skapar ei lun og magisk atmosfære, perfekt for å nyte ei pause frå vêr og vind.

Plassering og tilkomst

Snøhola ligg berre 3-400 meter frå fjellstasjonen på Hoven, og turen dit er enkel. Den preparerte vegen gjer det lett å gå til fots, og undervegs kan du nyte den spektakulære utsikta over fjella og fjorden i det unike landskapet som Loen er kjend for.

Praktisk informasjon

Snøhola dukkar opp tilstrekkeleg snø har lagt seg på fjellet, vanlegvis i løpet av februar. Informasjon vil bli oppdatert på denne sida.

Gjer deg klar for å oppleve det beste av norsk vintermagi.

Foto over: Alina Kondrat