Tilbake til alle arrangementer

Loen Acroboogie


Tord og Anton har tatt opp stafettpinnen etter Louis og co. og inviterer luftsportmiljøet til ei helg fylt med flyging og moro i Loen. Arrangementet er ope for alle, også spg/base/hg - alt frå nyutdanna elevar til garva distansepiloter.

Loen er ein fantastisk flystad. Gondolen tek deg opp direkte til ein stor og fin takeoff, og det er muligheter for mange fine turar. Utover å vere Norges beste stad for acro, er det også ypperlig for spg, base, og for termikkflyging i spektakulært landskap. Det vil vere instruktørar tilstades heile helga som kan gje utsjekk på start og landing.

Det er mulighet for å kjøpe 1/2/3 dagerskort i gondolen.

Det vil vere redningsbåt på vatnet heile helga. Denne er bemanna på dugnad. Skal ein fly over vatnet så oppfordrar vi til å sette seg inn i akroboksar og innflygingsmønster. Meir detaljert informasjon kjem nærmere arrangementet.

Overnatting finn ein på lokale campingplasser, eventuelt Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord eller Loen Apartments. Tilholdsstedet for arrangementet blir Lo-Vik camping. Det er ikkje lov med camping på landingsområdet eller parkeringane tilknytta Loen Skylift, Loen Active og Hotel Alexandra.

Om vêret blir dårlig fins det fleire aktiviteter i Loen; Via ferrata , fjellturar, klatring, sykling og padling. Det kan også setjast opp ein leksjon i vannredning med trening. Vi stiller med våtdrakt, seletøy og vinge.

For mer info om flystedet sjekk denne sida

https://flightlog.org/fl.html?l=1&country_id=160&a=22...

Tord og Anton gleder seg til å sjå nye og kjente fjes i Loen.

Følg med på arrangements-sida på Facebook.

Forrige
Forrige
21. mai

Madrugada

Neste
Neste
27. august

Tim Voilhat