Tilbake til alle arrangementer

Madrugada

Madrugada sin gjenforeningsturné for tre år sidan vart ei triumfferd gjennom fjorten europeiske land. No skal dei norske rockelegendane på ny europaturné, og 21. mai står Loen for tur.

* * * KONSERTEN ER UTSELD * * *

Madrugada. Foto: Knut Aaserud

Loen Skyliift. Foto: Lars Korvald

Om Madrugada

På Madrugada sin førre Europaturné i 2019, opplevde bandet at fansen hadde vakse betydeleg i løpet av åra, og fleire stader vart konsertane utselde så fort at større arenaer måtte bestillast. Madrugada hadde vore både elska og sakna, og det var eit lidenskapeleg og til dels ungt publikum som møtte bandet på vegen. 

Sentralt for gjenforeningsturneen var bandet sitt debutalbum «Industrial Silence», som feira 20 år i 2019. Denne gong vil publikum også få servert nye låtar, sidan bandet jobbar med ny musikk.

Madrugada er ei kunstnerisk og kommersiell suksesshistorie. Dei har vunne fem Spellemannpriser og to Alarmpriser og sluppe fem studioalbum, eit livealbum og ei rekke singlar og EP-ar, som har selt til gull og platina. Då Madrugada vart oppløyst i 2008, etter å ha fullført sitt selvtitulerte sistealbum på pur viljestyrke, verka det som om historia var over. Gjenforeninga for to år sidan vart eit uventa, men gledeleg nytt kapittel. Frå første tone i øvingslokalet var det klart at den musikalske magien framleis var til stades. Ikkje lenge etter at turneen var over, bestemte bandet seg for å satse vidare. «Vi ønsket bare at turneen skulle fortsette!» No har tida kome til eit nytt kapittel i historia om Madrugada. Det er berre å glede seg til fortsettelsen!

Henting av billettar

Billettar må byttast inn i band, og dette kan gjerast frå fredag 20. mai i Fjordshop ved Loen Skylift. De får kjøpe tur/retur billett med Loen Skylift til rabattert pris kr 390 pr person. Merk at dette må kjøpast samtidig som de hentar ut konsertbillettane. Dei som har årskort kan sjølvsagt bruke desse.

Transport til fjells

Loen Skylift går minimum kvar heile og halve time frå kl 10:00. Siste bane ned vert kl 02:00. Bana går non-stop ved stor pågong. Frå kl 16 vil anlegget bli stengt for andre gjestar, og kun dei med billett til konserten har tilgong.

Mat og drikke

Hoven restaurant tilbyr à la carte kl 12:00-16:00. Hugs å reservere bord dersom du ønskjer lunsj. Deretter er restauranten reservert for gjester som har bestilt konsertbillett inkl. middag kl 18:00-20:30. For alle andre Madrugada-fans er mattorget ope kl 18:00-22:30. Her får de kjøpe assortert fjellmat frå bodene. NB: Det vil kun vere mogleg å betale med kupongar i barane og matbodene som er utandørs. Kupongar kan kjøpast både nede ved fjordstasjonen ved ankomst, og i fjellstasjonen og i Skyshop resten av kvelden.

Billett inkl. middag i Hoven Restaurant?

Det vert servert tre-retters meny mellom kl 18:00 og 20:30 til alle som har kjøpt billett med middag. Dersom du eller nokon i ditt fylgje har matallergiar, ver venleg og sende informasjon om dette til eva@alexandra.no innan 18. mai.

Underhaldning før og etter konserten

DJ dropK spelar ute på terrassen frå kl 17:00, og Kevin Sullivan skapar stemning i teltet frå kl 18:00. Desse held fram etter at Madrugada har gått av scena.

Shuttlebuss til Olden og Stryn

Frå midnatt vert det sett opp shuttlebussar frå Loen til Olden og Stryn. Billettpris kr 100 pr person. Betaling ved påstiging

Bekledning

Konserten er ute under open himmel, på taket av Hoven Restaurant. Vi satsar på godt vår-vêr, men hugs at vi er høgt til fjells så tilpass bekledninga. Det er kun ståplassar på taket.

Annan informasjon

Det vil bli fotografert og filma på området.

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Programendringar kan førekome. Ved avlysing av heile arrangementet vert billett refundert, evt. konsert flytta til ny dato.

Med atterhald om endringar.

Treng du overnatting

Hotel Alexandra
Overnatting med middag, frukost og inngong i Alexandra Bad frå 2080 per person i dobbelrom. alexandra.no

Hotel Loenfjord
Overnatting med frukost, per person i dobbeltrom frå kr 1145 i enkeltrom frå kr 1500. loenfjord.no

Loen Apartments
Leiligheter, pris frå kr 2160 pr døgn. loenapartments.no

Madrugada. Foto: Stian Andersen

Billettane vil bli lagt ut 4. februar kl 10:00.

Arrangementet vil ha 20 års aldersgrense.

Forrige
Forrige
20. mai

DJ dropK

Neste
Neste
3. juni

Loen Acroboogie