Tilbake til alle arrangementer

Dirty fries & bad music


Katrin Vasstrand er kveldens Bad Music DJ.

Katrin Vasstrand er kveldens Bad Music DJ.

Vi tek det heilt ned høgt der oppe, og sausar oss inn i dårleg musikk og nyt “Dirty Fries” med godt drikke.

Vår “DJ of Bad Music” sørger for god stemning og mange “ååå deeen ja!” opplevingar. Det er mogleg å kome med musikkynskjer i løpet av kvelden.

Kostyme er valfritt, men styggaste bekledninga vert kåra, og vinnaren blir premiert.

Uforskamma gode “dirty fries” er på menyen fram til kl 22:00 og baren serverer til kl 00:30. Siste bane ned kl 01:00. DJ spelar frå kl 20 til 01.

Merk at den ordinære a la carte menyen er tilgjengeleg kun til kl 21 denne dagen.

Kva “Dirty Fries” er? Pommes Frites som er toppa med mykje digg!

Inngong er inkludert for gjestar ved Loen Skylift, men bordbestilling er din «billett» denne kvelden sidan arrangementet har begrensa antal plassar.

Forrige
Forrige
10. juni

Nasjonalballetten kommer!

Neste
Neste
7. august

Ole Bull kammerkor