Vi ynskjer velkomen til ein vakker og variert matinékonsert med norske folketonar utandørs på Hoven 6. juni kl. 15:00 - 15:40. Det blir både vakre tonar og spenstige tonar med litt lått og løye.
Ole Bull Kammerkor held internasjonalt toppnivå og mottek stønad som elitekor frå Bergen kommune og «kor på høgt nivå» nasjonalt. Koret vart skipa i 2015 og songarane må gjennom krevjande prøvesong før dei vert tekne inn i koret.
Dirigent Jon Flydal Blichfeldt, som for tida også er dirigent-mentor for Koralliansen i Vestland fylke, bidreg til å gjera opplevinga med koret til ei musikalsk reise du ikkje vil gå glipp av. Koret sitt nærvær og formidling er noko dei er stolte av, og sjølv om korona-året har skapt utfordringar, vil du ikkje sjå ein einaste note på denne konserten. Dette gjev dei høve til dela den musikalske opplevinga betre med kvarandre og publikum.
Meir info finn du på olebullkammerkor.no
Ole Bull kammerkor. Foto: Magnus Skrede