Laurdag 27. februar inviterer Loen Active og Loen Skylift til guida fullmånetur på Hoven. Arrangementet er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift. Inga påmelding.
Oppmøte kl 19:10 på toppen av Loen Skylift ved fjellbutikken i 2. etg. i fjellstasjonen. Vi anbefaler at du tek bana opp seinast kl 19.00 (avgong kvar halve time), så blir det avgong frå 2. etg på fjellstasjonen ca kl 19:10.
Dei som vil gå aleine er velkomne til det. Turen vil ta ca 1,5 time. Alle kan delta, men born må vere i følge med vaksne.
Dei som deltek bør ha med seg varme klede, hanskar, hue, gode sko og ei hovudlykt.
Etter turen går vi inn i Hoven Restaurant. Her kan du kjøpe noko varmt å drikke. Baren serverer fram til kl 22:00. Hoven Restaurant serverer mat frå a la carte menyen fram til kl 21:00, så om du planlegg å ete kan det vere lurt å gjere dette før turen.
Siste bane går ned kl 22.30.
Smittevern
Loen Skylift og Loen Active føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss. Les meir.