Laurdag 28. februar blir det nytt akerenn for born. Løypa vil bestå av nokre enkle svingar og nokre mindre hopp.
Vi har fokus på leik og moro, ikkje prestasjon, men det vil bli notert ned tider for deltakarane. Alle som deltek får ein liten premie.
Påmelding ved akebakken mellom kl 12 og 13.
Ta med eigne ski eller akebrett, eller lån i Fjellbutikken til 50,- pr kjelke. NB! Hjelm er påbode.
Arrangementet er gratis for alle gjestar ved Loen Skylift. Mindre born bør vere i følge med vaksne.
Heiagjengar og publikum er hjarteleg velkomne!
Smittevern
Loen Skylift føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss. Les meir.