Ta haustferien i Loen, med vandring, via ferrata, kajakk, god mat og velvære. Loen Skylift og Hoven Restaurant held ope dagleg heile ferien.
Vardevandring heile haustferien
For borna blir det vardevandring på Hoven heile haustferien, der du går ei lita orienteringsløype. Har du alle postane får du premie. Vi anbefaler at vaksne blir med på turen.
Aktiv med heile familien
Haustferien er perfekt for ein fjelltur i dei vakre haustfargane, enten på eiga hand eller med guide. Kanskje du vil opparbeide litt adrenalin i klatrestien Via Ferrata Loen? Nokre av dagane er også ziplina opa for dei eventyrlystne. Vi har samla litt hausttips til deg på denne sida.
Bu godt på Hotel Alexandra
I veke 40 og 41 tilbyr Hotel Alexandra gode familiepakkar. Her kan du også kose deg i Alexandra Bad & Spa. NB! Buande på Hotel Alexandra får 10 % rabatt på familiebillett (2v+2b) eller tur/retur billett for inntil 2 vaksne med Loen Skylift i perioden 28. september-13. oktober 2024.