Velkomne til ein aftan på fjellet med italiensk mat og italiensk opera av ypperste klasse 1011 meter over fjorden i Hoven Restaurant laurdag 19. oktober. Her får du servert ein fire-retters meny med italiensk mat, krydra med to av dei beste operasongarane på Vestlandet.
Fire-retters meny, aperitiff og konsert: Kr. 1195,-. Dei som har billett får også kjøpt t/r billett med Loen Skylift til redusert pris.
Siste bane ned er kl 00:30 denne dagen.
Det er avgrensa antal plassar på dette arrangementet. Påmeldingsfrist 13. oktober.
Jorunn Torsheim er utdanna ved Goldsmiths College, University of London og Norges musikkhøgskole. Jorunn har ein allsidig bakgrunn musikalsk innan både teater og opera. I Nordfjord har ho vore med i The Sound of Music som Maria Von Trapp og Tryllefløyten, som også gjesta Den Norske Opera i Oslo. Ho har laga fleire eigne prosjekt som m.a. Susanna frå Sunnfjord som ho turnerte med både med Sogn og Fjordane teater og Den Kulturelle Skolesekken. Jorunn har også medvirket i mange konsert og danseproduksjoner i tillegg til flere opera- og teaterproduksjoner. Bl.a. Figaros bryllup, Which Witch, og Heksene. I 2021 og 2023 var ho med på Kilden si storsatsing «Amadeus» der ho gestalta rolla som Katharina Cavalieri/Nattens Dronning. Jorunn har gitt ut eit album på Italiensk også: «Amore e morte» med songar av Bellini, Puccini og Donizetti. Jorunn er opprinneleg frå Førde, men er busett i Oslo.
Eivind Kandal kjem frå Kandal i Nordfjord. Han avslutta si utdanning ved Operaakademiet i København våren 2017, men debuterte som operasongar allereie i 2012 i operaen Querini på Røst i Lofoten. Eivind har vore solist i ei lang rekkje operaframsyningar, kyrkjemusikalske verk og samtidsverk, både internasjonalt og heime i Noreg mellom anna ved Det Kongelige Teater i København, Den Norske Opera & Ballett, Operaen i Kristiansund og Opera Nordfjord. I tillegg har han vore med på å produsere og framføre ei rekkje framsyningar og konsertar som har turnert både Aust-, Vest- og Nord-Noreg. Eivind og sambuaren Torstein Kollevåg driv Sølvane Gard i Kandal, der dei arrangerar operakonsertar og ei mengde andre kulturelle arrangement.
Andreas Løken Taklo er ein ettertrakta musikar, både som solist, kammermusikar, akkompagnatør og repetitør. Han har hatt solistoppdrag med orkester i Italia og Noreg, og hatt solokonsertar i Frankrike, Tyskland og Russland. Andreas har ein master i utøvande musikk frå Barratt Due musikkinstitutt i Oslo, og ein master som operarepetitør ved Noregs musikkhøgskule. Han har jobba som repetitør for Opera Nordfjord sidan 2017. No for tida jobbar han som operarepetitør ved Den norske opera og ballett i Oslo, og blir jamleg leigd inn som akkompagnatør til Barratt Due musikkinstitutt og andre institusjonar.
Vil du kombinere med ei overnatting på Hotel Alexandra?
For dei som ynskjer å overnatte i Loen tilbyr Hotel Alexandra overnatting inkl. frukost og inngong i Alexandra Bad frå kr 2060,- per person. Tillegg for enkeltrom frå kr 400,-. Ta kontakt med Hotel Alexandra på alex@alexandra.no eller 57 87 50 00.
Praktisk informasjon
Kvelden startar med aperitif frå kl 19:00, også blir det bordsete kl 19:30. Siste bane ned er kl 00:30. Baren stenger ved midnatt.
Billett til middagen må kjøpast på førehand på denne sida. Dei som har billett til arrangementet får kjøpe banebillett i billettluka til 295,- t/r (ordinær pris 495,-). Dei som har årskort kan nytte dette.
Allergiar? Send dette på e-post til eva@alexandra.no