Tilbake til alle arrangementer

Kahoot Fredagsquiz

Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15 kvar quiz-kveld. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Du kan delta aleine eller på lag saman med gode vener (maks fire per lag/bord). Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.

Når

• Fredag 8. april, kl 20:15-22:00

Praktisk informasjon

  • Gratis deltaking for gjester ved Loen Skylift

  • Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)

  • Delta aleine eller i lag opptil maks 4 personar per lag/bord

  • Lagsamansetning kan variere frå gong til gong

  • Siste bane ned 23.30

Om Kahoot Quiz

Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.

Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.

Vil du ete i restauranten før Quiz’en?

Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord på førehand her.

Les meir om påska på Hoven.

Forrige
Forrige
8. april

Påskerebus

Neste
Neste
13. april

Trubadur Kevin Sullivan