
Påske
med det beste av fjord og fjell
Foto: Sol Fure
Påskeferie i Loen byr på det beste frå både fjord og fjell. Aking, topptur eller berre nyte sola på fjellterrassen? Vi diskar opp med god mat, aktivitetar, musikk og god stemning. Kalenderen er innhaldsrik og variert denne påska. På Hotel Alexandra bur heile familien godt og komfortabelt, med mykje moro på programmet. Loen Skylift og Hoven Restaurant held ope dagleg heile påska.
Astrid Tenden
Dette skjer i påska 2025
Kvar dag heile påska: Påskerebus
11. april: Kahoot fredagsquiz
11. april: Festkveld med Torbjørn Gran & Åge Nygård
Skjærtorsdag: Moro og magi med Mogeno
Skjærtorsdag: After-ak/After-ski med trubadur Kjetil Sande
Langfredag: Ski- og akerenn med hoppkonkurranse
Langfredag: Konsert med Line Dybedal
Påskeaftan: Moro og magi med Mogeno
Påskeaftan: After-ak/Afterski med DJ Frode Sunde
Sjå heile kalenderen her.
Opp i påskefjellet!
På kun 5 minutt er du komen frå fjordnivå til påskefjellet, og kan ake, leike, gå på tur i preparerte vandreløyper, gå ein trugetur eller topptur på ski. Du kan også roe heilt ned og berre nyte påskesola.
Aktivitetar
På Hoven kan du ake, leike i snøen, gå tur i preparerte vandreløyper, gå topptur eller trugetur. Fjellbutikken i 2. etg på fjellstasjonen held ope dagleg i påskeferien frå 10:00-17:00 med utleige av kjelkar, truger, snøfjøl og vinterbekledning. Vi anbefaler også eit besøk i snøhola. Sjå også kalenderen vår.
Innekos, mat og stemning
Med panoramautsikt heilt på kanten av fjellet finn du Hoven Restaurant. Her får du servert mat med lokale råvarer frå ein rikhaldig À la carte meny.
Student? Få 25% rabatt
Heile påska får studentar 25% rabatt på billett tur/retur eller ein veg. Billett med rabatt får du kjøpt i billettluka i Fjordshop ved å vise studentbeviset ditt. Så ta ein velfortent pause og få litt frisk fjelluft.
Bu godt
Rett ved Loen Skylift finn du eit av Norges beste hotell. Her bur du midt i smørauget for opplevingar i høgfjellet, og rundt om i regionen. Hotel Alexandra har gode pakkeprisar i påskeferien, og eit rikhaldig program for små og store. Gjestar på hotellet får spesialpris på turen med Loen Skylift.




















